Beinkjør - Rock For Rus (LP)
Sort vinyl.
I år 2000 la to skitungar ned dei fyrste byggesteinane i det som skulle bli Lærdals minst verneverdige byggverk: Beinkjør. To heimebrente album med rølpepunk vart spelt inn delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pels-slaktehus før bandet flytta til Bergen for å bli eit ordentleg band.
-Vel, i det minste eit band med full besetning.
Resultatet blei albumet Rock for Rus som kom i 2008. På norsk og innslag av tysk og “norwenglish” skildra Beinkjør det gode, det bedritne og det stygge med samfunnet og livet i bygd og by.
-For ikkje å snakke om den uekte sogneslageren Såggning.
No er Rock For Rus trykt på ny på det hypermoderne formatet “vinyl” og etter ein lengre periode med oppløysningar, steinras, flaum og ferjekø er Beinkjør tilbake for å spela meir Lærdal rebel rock’n’roll.